Økonomi

Økologisk eller konvensjonell mjølk- og storfekjøtproduksjon?

I eit prosjekt Tine deltek i saman med Samfunns- og næringslivsforsking ved NHH, Nibio, Norsus, NLR og Nortura, har vi laga ein modell for å rekne på økonomien i økologisk mjølk- og storfekjøtproduksjon jamført med konvensjonell.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar økonomi i Tine

Rasmus Noss Bang

Postdoktor i Samfunns- og næringslivsforsking AS

Rikeleg grovfôrareal og høg grovfôrkvalitet er avgjerande for at øko-bruket skal bli like lønsamt som det konvensjonelle.

Foto: Turi Nordengen

Modellen vi har laga søkjer å finne det produksjonsopplegget som gjev høgast mogleg dekningsbidrag gitt avgrensa areal, mjølkekvote og fjøsplass. For å nå målet kan modellen mellom anna velje blant ulike avdråttsnivå for kyr, ulik oppfôringstid for oksar frå 13 til 19 månader og dessutan tung og lett rase av kjøtfe.

Eksempelbruk

For å samanlikne lønsemda i økologisk og konvensjonell drift tok vi utgangspunkt i eit konvensjonelt eksempelbruk bygd på middeltal for bruka i driftsgranskingane for Jæren. Bruket har 280 dekar dyrka jord og 70 dekar beite. Mjølkekvoten er på 274 000 liter og fjøset har plass til 36 vaksne kyr pluss fullt påsett av ungdyr. Grovfôravlinga svarar til 700 fôreiningar pr. dekar dyrka jord og 490 fôreiningar pr. dekar beite. Grovfôrkvaliteten reknar vi er middels/god, det vil seie 6.3 MJ pr. kilo tørrstoff, som svarar til 0.89 fôreiningar mjølk.

Ved omlegging til økologisk drift reknar vi at grovfôravlinga blir 30 prosent lågare, noko som ikkje er uvanleg. Grovfôrbehovet aukar òg, som følgje av restriksjonar på bruk av kraftfôr. På den andre sida gjev økologisk drift pristillegg og ekstra tilskot. Elles reknar vi med dei same føresetnadene for båe bruka.

Båsplassar avgrensar produksjonen på det konvensjonelle

Figur 1. Resultat og effekt av auka areal. Samla dekningsbidrag i millionar kroner langs y-aksen ved aukande grovfôrareal langs x-aksen. Mjølkekvoten er 274 000 liter og tal båsplassar til ku er 36 som på eksempelbruket.

I figur 1 oppnår det konvensjonelle bruket med 280 dekar dyrka jord (punkt A) høgare dekningsbidrag enn det økologiske (punkt B). Skilnaden langs y-aksen er om lag 147 000 kroner. Modellen vel elles heilt ulike driftsopplegg for dei to bruka basert på kva som er lønsamt og praktisk gjennomførleg. Det konvensjonelle bruket (punkt A) leverer om lag 99 prosent av mjølkekvoten og har ein middel avdrått på 10 000 kg pr. årsku. Alle NRF oksekalvar vert fôra opp til slakt ved 19 månaders alder. Bruket har også seks ammekyr av tung rase og leverer både kjøtfe-kviger og -oksar til slakt. Det er først og fremst båsplassar som avgrensar produksjonsomfanget på det konvensjonelle bruket, og det er noko areal til overs som blir leigd ut. Dersom det konvensjonelle bruket skulle fylt heile mjølkekvoten, ville det kravd at tal ammekyr vart redusert for å få nok båsplassar. Dermed ville driftstillegget for spesialisert storfekjøtproduksjon falle bort, og den vesle auken i mjølkeleveranse ville ikkje vere stor nok til at det løner seg.

Mangel på grovfôr på øko-bruket

Det økologiske bruket (punkt B) leverer derimot berre 75.5 prosent av kvoten, med ein middel avdrått på 7 500 kilo mjølk, som samsvarar med middelverdien for økologiske buskapar i Norge i 2023. 7500 kilo mjølk er maksimal avdrått i modellen gitt gjeldande grovfôrkvalitet og restriksjonar på bruk av kraftfôr. Låg kvotefylling skuldast delvis lågt avdråttsnivå, og delvis mangel på grovfôr som gjer at ein ikkje kan kompensere med fleire mjølkekyr. Knapp tilgang på grovfôr gjer at bruket sel alle oksekalvar ved tre månaders alder. Mangel på grovfôr gjer òg at økobruket ikkje kan ha seks ammekyr og dimed ikkje får driftstillegg til dei.

Skilnaden minkar med auka areal

Etter kvart som arealet aukar frå 280 bortover langs x-aksen, minkar skilnaden i dekningsbidrag mellom bruka i takt med at det økologiske bruket kan levere ein større og større del av mjølkekvoten. Samstundes er det konvensjonelle bruket forhindra frå å auke produksjonen på grunn av mangel på båsplassar. Verdien av det overskytande arealet er såleis avgrensa til det bruket kan oppnå i inntekter frå utleige. Ved om lag 310 dekar (punkt C) er dei to driftsformene like lønsame. Etter kvart som arealet aukar ytterlegare, blir økologisk drift meir lønsam enn konvensjonell drift. Årsakene er at skilnadene i produksjonsomfang mellom dei to bruka minkar, samt høgare prisar og tilskot på det økologiske bruket. Om grovfôrkvaliteten aukar til 6.72 MJ eller 0.95 fôreiningar mjølk pr. kilo tørrstoff kan avdråtten i økologisk drift aukast til 9000 kg pr. ku, og dekningsbidraget vil dermed aukar noko.

Effekt av mjølkekvote

Figur 2. Effekt av mjølkekvote. Samla dekningsbidrag i millionar kroner langs y-aksen ved aukande kvotestorleik langs x-aksen. Grovfôrarealet er 280 dekar dyrka jord og 70 dekar beite og tal båsplassar til ku er 36 som på eksempelbruket.

Figur 2 viser samla dekningsbidrag ved ulik storleik på mjølkekvoten. I intervallet frå 0 til om lag 207 000 liter har begge bruka tilstrekkeleg areal og båsplassar til å fylle kvoten. I dette intervallet oppnår det økologiske bruket høgare dekningsbidrag enn det konvensjonelle på grunn av høgare produktprisar og ekstra tilskot. Dette veg opp for lågare kjøtproduksjon på oksar og spesialisert kjøtfe. Frå 207 000 liter og oppover har ikkje det økologiske bruket lenger høve til å nyttiggjere seg høgare mjølkekvote på grunn av mangel på grovfôr. Det konvensjonelle bruket har derimottilstrekkeleg grovfôr, og ved kvotestorleik på om lag 226 000 liter blir bruka difor om lag like lønsame. Ved større kvote utkonkurrerer det konvensjonelle bruket det økologiske. Det konvensjonelle bruket har 6 eller fleire ammekyr i intervallet frå 0 til 280 000 liter. Ved større mjølkekvote vil det løne seg å frigjere plass til fleire mjølkekyr på kostnad av tal ammekyr, sjølv om driftstillegget for spesialisert storfekjøt- produksjon då fell bort. Ved ein kvote på 325 000 liter brukar mjølkekyrne alle båsplassane til vaksne kyr, og det konvensjonelle bruket kan ikkje lenger auke mjølkeproduksjonen.

Effekt av endra tal båsplassar

Effekten av ein auke i tal båsplassar er svært lik effekten av auka mjølkekvote, og det økologiske bruket konkurrerer best når talet på båsplassar avgrensar produksjonsomfanget meir enn grovfôrtilgangen. Tilsvarande såg vi at det økologiske bruket greidde seg godt i konkurransen så lenge mjølkekvoten avgrensa drifta meir enn tilgang på grovfôr.

Øko-bruk må ha rikeleg og godt grovfôr

For å bli like lønsame som konvensjonelle bruk må økologiske bruk ha rikeleg grovfôrareal i høve til mjølkekvote og båsplassar, og høg grovfôrkvalitet blir enno viktigare ved økologisk drift enn ved konvensjonell.